onsdag 26. mars 2014

La Palma

Vi vitja La Palma i februar. Det var ei så fin øy! Vi la til kai i hovudstaden Santa Cruz og utforska den nokre dager før me leigde oss ein bil og kjørte rundt på nye veger. Vi fekk sett mykje av øya, frå det frodige, tette jungellandskapet i nord, til furuskogen over ryggen på øya og vulkanane i sør. 

Å være på tur med Lars Martin er som å være elev i ein O-fag time. Men eg har lært noko: La Palma er ca 3000000 år gammal og hadde siste store vulkanutbrudd i 1975. Vulkanen som øya er strekk seg over 7000 meter frå atlanterhavs botnen, (2426 moh) Den har en "sprekk" som går gjennom heile lengden av øya på grunn av at vestsida riv seg laus frå øya og står i fare for å rase ut i sjøen når som helst. Det vil lage ei flodbølge på mangfoldige meter som kjem til å fare over atlanteren og knuse heile 
New York og meir til.

 Heldigvis liker eg O-fag ganske godt.

Her frå Santa Cruz sentrum:

Byen er kjend for sine fine balkongar.
Koselig sentrum i hovedstaden

 Vi fekk oss ein flott fjelltur medan vi var på La Palma.

 Lars Martin på det absolutt høgaste punktet!
Over skyene!


Det var mykje skodde som kom og gjekk mellom solstrålene
Lavastrand på vestkysten. Det var altfor lite kunst på øya, derfor lagde eg noko for å auke kulturtibodet.

Heilt på sørspissen ved Fuancialente lager dei salt ved å tørke ut vatnet ved hjelp av vind og sol, no er det vinter så dei produserer ikkje for øyeblikket. Ein O-fag lærer har fortalt meg at dette er den einaste saltprodusenten som framleis gjer det på denne gammle måten.
Her kan ein sjå at det ligg saltrester. Når det er aktiv produksjon ligg det store hauger med salt på sidene.


Stjal dette flaket, men kjøpte og ein pakke i butikken på lovlig vis.


O-fag læraren har fortalt at vatnet blir rødt av bakterier som danner seg ved denne typen saltproduksjon. Denne bakterien skal være den eldste formen for liv på jorda, i tilegg er den mat for flamingoen som er grunnen til at flamingoen er rød.

Det er utrolig god sikt i sjøen på La Palma og vi snorkla flittig. Her var også ein god del fisk. Med berre 21 grader i sjøen er det best å snorkle med våtdrakt.




Vestkysten
På La Palma liker dei godt bananer. Difor har dei enorme bananplantasjer over heile øya.

Det var all blogging eg rakk for i dag. Skal ha O-fag.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar