mandag 10. juni 2013

Elze er på sjøen!

Endelig har me fått Elze på sjøen. For ein fryd. Etter ei lita hending der eg trudde heile båten sko søkkja, det kom vatn rennande inn bakifrå ein liten vasspytt under varmtvassbehalderen, gjekk det som smurt. Elze glid gjennom vatnet som eit blaut såpestykkje i handa. Propellen skaut båten opp i 6 knop på berre 2000 omdreiingar. Vibrasjonen så me kjente tidligare er er borte vekk. Alt det nye elektriske funkar. Autopiloten held oss på rett kurs beint mot Oljemusee. Klakka til kai med eit stort smil om munnen. Det verste er over. Resten av arbeidet vert berre kos samanlikna med alle bekymringar me har hatt. No kan reisa begynna.


Heldigvis hadde han kjørt truck før han der.

søndag 9. juni 2013

Arbeidet held fram

Det er utruleg kor lang tid små enkle ting kan ta. Har brukt mangfoldige timar i båten. Pengane brukast fort opp. Budsjettet som me ikkje har laga enno har allereie sprukke.

Elze skulle ha vore på sjøen for over ei veke sidan. Har venta på eindel deler og utstyr og hjelp av kyndig fagpersonell. Vil ikkje søkkja i havn pga min eigen inkompetanse.

Autopilot er no installert med hjelp av Morfar, Mexi og Alexander som har laga rorarm. Heile akter stue rommet er no som nytt, min kjære bror og fantastiske snikker har vore å fiksa opp der. Adle nye kabla er stripsa opp og det meste av instrumenteringa er på plass. Solcellepanel som me har på lån frå Morfar er testa og festa på ein god måte med hjelp frå Rune. Då gjenstår det berre å sjå at alt fungera som det skal etter kalibrering

Morfar inspiserer båten
Har endeleg fått skifta aksling og montert tilbake propellen (propellen består av 20 deler minst). Har venta lenge på denne jobben. Pga. ein sein vår har ingen kome igang med båtpussen før no, så verkstaden på Båtsenteret har hatt det ekstremt travelt. Me hadde rekna med at det skulle vera roleg no og hadde eigentleg tenkt å ta det meste etterkvart, men ska sei me fekk svi for dårleg planlegging.

Er me heldige får me båtten på vatnet imorgon.



Pussing før morfar skal legge på glassfiber
Stor mann, liten plass. Her legges det på glassfiber
   for å forsterka festet til autopiloten. Morfar har vore
ein alle tiders instruktør