onsdag 26. mars 2014

Vi er i Arrecife


På lørdag var vi på veg frå Forteventura til Isla Graciosa, ei lita øy nord for Lanzarote. Vi måtte imidlertid gå inn til land då festet i forluka var laust, bølgene var store og lugaren i forpiggen gjennomvåt. Så for å ikkje havarere la vi til kai i den nyåpna marinaen, Marina Lanzarote, i Arrecife. Planen var å fikse luka kjapt og dra videre påfølgjande dag. Vi hadde derimot uflaks. vinden bles svært sterkt og i heilt feil retning og det har den gjort sidan. vi må innsjå at vi nok ikkje kjem oss til Isla Graciosa i denne omgang. Forrige veke var me på ei anna lita øy, Los Lobos, så me har fått med oss litt av det fine livet på anker utanfor små øyer. Los Lobos var så fint at den fortjener eige innlegg. Kjem snart!

I stadan for å vitje Isla Graciosa har vi brukt dagane til vedlikehold av båten. Lars Marin har gjort ein hederlig innsats i motoren og har skifta og vaska alt som finnes av filter (og det er mange). Eg har skrudd eit par runder med ein skrutrekker eg og, men for detvmeste har eg studert. Båten er ihvertfall i bedre stand enn på lenge. Blandt anna er luka tett, vaierene i rekkverket har vorte tilpassa og autopiloten har fått nytt feste i metall.


Vi har og fått tid til litt bysightsing i Arrecife. For dei som ikkje er så aktive på charterferier til Kanariøyene, kan eg fortelje at Arrecife er hovedstaden på Lanzarote og er vel verdt eit besøk.

 
Marina Lanzarote er under arbeid og skal stå ferdig i august. Den ligg midt i sentrum av byen.

Her ligg Elze <3

Kanariøybesøket vårt nærmer seg slutten. Lars martin reiser heim på jobb no på lørdag. Han returner 19. april saman med Tormod som mønstrer på som mannskap og vert med over til Marocco.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar