søndag 30. mars 2014

Isla Los Lobos

For litt over ei veke sidan låg vi for anker utanfor Los Lobos. Helge Morten og Unn var på besøk, og planen var å sjekke ut surfeforholda som skal være gode. Det var diverre ikkje bølger då vi var der, men vi hadde det fint likevell. Det er svært få fastbuande på øya. Det er ikke lov å campe her, så på kvelden tok dei andre turistane ferja heim, og vi fekk øya så godt som for oss sjølve.

 Å ligge for anker er nok det beste som finnes!

 Unn nyt utsikten...

..og Helge Morten prøver fiskelukka


Utrulig klart vatn og fine badeforhold


 Lunsj ombord...

 ...og grilling på land.

 Gløymt vinåpner? Ingen problem om du har med Lars Martin og ein sko!

 Utsikten frå øyas einaste resturant

 Ein kunne velje mellom heile to rettar på denne resturanten. Paella eller steikt fisk. Eg drakk vin.

 Kvite hus og blå dører. Enkelt og greit!



Horse Magazine var og på øya. Det er faktisk den andre fotoshooten vi har fått med oss her på øyene, det seier jo kanskje litt om kor fint det er her? 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar