mandag 24. februar 2014

Ein dag på sjøen (Los Christianos Tenerife - Santa Cruz de La Palma)

Tidlig morgon seilte vi frå Los Christianos mot La Palma, me fekk kjøre motoren godt i den 12-13 timer lange turen. Det var heilt vindstille og til tider var sjøen spegelblank. Om ikkje seilinga var optimal sto iallefall sola til tjeneste og ga oss enda ein herlig dag på sjøen...


Morgonstund med La Gomera i bakgrunnen. Det er enda litt vind. Kanskje me fekk 2-3 timer med segling, men dog så lite at me måtte hjelpe til med 1000 omdreinger på jernsegelet.


Det vert fort varmt. Ragnhild tek ein pause frå Sosiologibøkene og studerer heller øyene nærare.





Ser på kjølvatnet, det er som å seile inne i ryfylke, flatt hav.


Sola leikar seg


Nok ett bilde av El Teide, eit velkjend sjømerke, brukt av sjøfolk og oppdagarar på veg mot ei ny verd. Det er sjeldan det er så lite skyer som dette, iallfall ein hel dag.


Eg kaster glans, som vanleg. 


Solcellepanelet me har fått lånt av morfar lader som bare det. Fullt med straum sjøl etter 5 dager for anker!


Grindkval, såg ein hel flokk av desse, sikkert 10 individ. Me fekk besøk fleire gonger. Flokken held seg i området mellom La Gomera og Tenerife stort sett heile livet og lever av blekksprut på sirka 1000 meters djup.


God temp i sjøen, det er bare å bade, Ragnhild heiv seg på surfebrettet men pga. alle dei 100 vis av portugisiske krigskipa måtte ho ta på våtdrakt.


Det var ikkje så lett å få til denne her surfinga bak Elze. Det var heller ikke lett å få bilde av de portugisiske krigskipene så eg fann eit på Wikipedia.


Det gjør visst skikkelig vondt å bli brent av desse. Ein døyr ikke av gifta dersom ein ikkje er allergisk, men panikken som oppstår i følgje med smertene gjer at denne maneta har ein del liv på samvittigheten.


Ragnhild speider etter land. Etter ein lang og flott dag nærmar me oss La Palma.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar