torsdag 30. mai 2013

Istandsetjing!

Ja no er det 2 veke sidan eg kom heim frå Nordsjøen. Me har våre i båten kvar einaste dag unnateke 17. mai. Klokka er halv tolv eg har nett kome meg heim frå båten. Mykje som skal på plass, men det ser ut til å løyse seg no. Me har hatt god hjelp av fleire, men Rune har våre med spesielt mykje. Hadde ikkje våre i nærleiken av å sjå ljoset utan hjelp frå han.

Me er i gong med å installere endel utstyr:
-Ny vindmåler
-Ny dybdegjevar
-Ny log
-Ny autopilot
-Ny kartplottar
-Nye intrument display

Det er noko utstyr som ikkje er kjøpt inn endå men må også innstallerast:
-Solcellepanel
-Vindgenerator


Jaja, det vert på an igjen imorgon tidleg. Mon tru om ein skal sjå på kartplottaren då. 

onsdag 29. mai 2013

Fyrste Innlegg

Dette er det fyrste innlegget på bloggen vår. Prøvar å leggje ut eit bilete frå seilasen me hadde 5 November ifjor, sidan den gång har Elze låge trygt og godt heile vinteren på Vassøy. Elze står for tia på land for å utbetre propellaksling og for ei lita oppgradering før me reiser på tur sørover.