mandag 17. februar 2014

La Gomera

Vi har visst gløymt å legge ut bileter av La Gomera! Ettersom øya er svært fin, fortjener ho å bli hugsa. Her kjem difor bileter frå desember frå då vi vitja La Gomera for å feire jul:

Ingenting å utsetje på marinaen i San Sebastian



Rune og Helge Morten var med på turen. Her har vi nett plukka kaktusfrukt. Dette bør absolutt ikkje gjerast utan hansker. Vi hadde alle glassfiberliknande fliser i fleire dager etterpå.. 


Men for ein fangst! Rune reiv laust eit aloeverablad til serveringsfat. Frukta må skrellast med kniv å smaker litt som ett friskt og saftig eple med litt for mange store druesteiner i.


Ein bananplantasje på ei strand i botn av ein dal, plassen heitte Santa Catalina, her var det bananeksport(!) til sør-amerika frå gammalt av.


2 millioner år sian sist vulkanutbrudd gjer at øya får fred nok til å la ting vekse å gro, en får då desse grønkledde fjellsidene over heile øya, nokre plasser ver det nett som ein jungel.



Palmene på La Gomera er finare enn palmer flest!

Vert aldri lei av solnedganger, her  i Gran Rey


Tyske hippier krydrer strendene på øya! Her spring dei barbeinte rundt, sjonglerer, dansar med flammar, spelar bongotrommer og koser seg ein haug! Dei har holdt til her sidan 60åra ein gong,  at dei skaper stemning er heilt sikkert. Kanskje greit me berre var på La Gomera i nokre få dager. Ellers hadde vi kanskje tredd på oss vide bukser, kasta oss inn i dansen og aldri komt tilbake! Lært oss tysk i stadan for spansk. Brent opp øyenbryna i eit forsøk på å bli godtatt i den tyske flammedanse gjengen? Nei! Det nyttar ikkje dvele ved kva som kunne skjedd! For me seigla vidare til Las Palmas og fekk ein flott seilas:




Ein fornøyd kaptein, som lar autopiloten stå for styringa.

For tida ligg Elze på nordsia av Tenerife i ein by kallt El Garachico, dei mørke skyene på bildet har lagt igjen mykje snø på toppen av øya etter nokre dager med det dei kaller uver her nede:



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar