fredag 30. mai 2014

Hei gjestebloggen


No har eg tenkt på å skriva til deg lenge, men eg har berre ikkje fingje ut fingjen. Men her kjem ei lita soge om korleis eg opplevde to veker i godt lag på Elze 19. april til 3. mai.

Det byrja tidleg om morgonen påskeaftan 19. april på Sola Flyhamn. Meg og Lars Martin sat og venta på å få borda flogemaskinen. På Flesland sat Bjarne og i St. Anton sat Helge Morten. Me hadde same mål for auge, Lanzarote og Elze. Ferda skal gå mot aust og det nordafrikanske kongedøme Marokko.

Etter ei markering av Ragnhilds åremålsdag med vin og tapas om kvelden, vart mannskapet komplett sundagsmorgon. Elze fekk vatn og diesel og me kasta loss. Segla gjekk til topps, Njord var på okkar sida, ver og vind var perfekt. Delfinar dansa rundt baugen. Sydensol om dagen, blodraud morgon- og kveldshimmel og så stjerneklare netter at båten like godt kunne segla rundt i kosmos. Etter to døgr når me Afrikas kyst og sjørøvarbyen Essaouira, slepp anker og skyt ein ankerdram. Afrika.
Essaouira
Essaouira viste seg å vera ein fantastisk liten by. Byen står på UNESCO verdsarvliste mykje grunna festninga som omkransar medinaen. Her finn ein portugisisk-, fransk-, jødisk-, arabisk og afrikansk påverknad i byggjeskikken og rykte seier at det var her Thorbjørn Egner fann inspirasjon til Kardemommeby. Jimmy Hendrix og Bob Marley skal ha feriert her og folket her var attendelente og huglege. Ein fellesnemnar for maten må vera sukker. Sukker til frukost, sukker til middag og sukker til kvelds og mykje te, med sukker. Og pannekaker med Nutella. Dei var glade i litt "sutt onna tånnå"
Stuttbuksa og snutthua
Eg fekk skåre håret og Bjarne fekk skåre skjegget. Helge Morten kjøpte seg ei gjetarkappe frå fjellnomadane, Lars Martin som kaptein, fekk helsa på heile befalstaben i den marokkanske marinen og Ragnhild fekk omsyning i motorrommet på ein redningsbåt. Alt var fryd og gaman. Men så byrja me å gå litt leie. Ankerplassen okkar vart herja av atlanterhavsdønningar kvar natt, me sov knapt. Den sjarmerande «skjeggsismen» eg vart utsett for på gata, byrja å mista sjarmen. Eg klarte ikkje lenger smila av «Hello Ali Baba» eller «Ah, Bin Laden, I know you!». Me vart råka av veldige opp- og nedturar rundt måltida då blodsukkeret skaut i veret og datt att like fort, og sukkerabstinensane på nettene leia til skjelvingar, sveittetokter og hovudverk. Fiskelukta i hamna byrja å verta uuthaldelig og dei «gilde»- hjelparane som hang rundt båten byrja å verta mange. Me måtte vekk. Men Njord smilte ikkje lenger han heller og sjøen var ruskut å leggja utpå.
Marokkotaxi

Løysninga vart eit landfarty med hjul som tok okker til surfebrettparadiset Immsouane, ein liten landsby 2 timars køyring sørover. Her vart me tri netter, stod på surfebrett og åt grilla fisk eller bønnesuppa. Sukkerabstinensane byrja å avta og gleda var på plass att. Me skilde lag med Helge Morten her. Han ville freista lukka med brettet enno lenger sør, før han fauk attende heim til Las Palmas.
Snarvegen heim

Frukost på taket i Immsouane
Det bar til Essaouira og Elze att, men Njord var enno vrang. Heile fiskeflåten låg i hamna og fiskarane hadde fått landlov og drakk heimelaga sprit. Ingen skulle på sjøen før om ei veke. Vinden var for sterk og bølgjene for store. Men her kunne me ikkje vera. Hamnevakta var dessutan ganske hissig. Me hadde nemlig lagt Elze utpå den einaste redningsbåten og teke ut i fira dagar. Det måtte smørast vin, øl og sigarettar på såret hans før han roa cella. Me hamstra mat, vatn og diesel, og la okker til å venta på at vinden skulle gjera det same.Ventetida vart nytta på kamelryggen (som Lars Martin har gode bilete av) og på postkortskriving til familien, der det vart hinta varsamt til "takk for alt", i høve draugen skulle taka okker. Klokka 23:00 datt vinden tilstrekkeleg og høgvatnet var på veg inn. Me fekk snudd båten inne i fiskebåtkaoset og endeleg pløya me sjø att. Men fiskarane var inne på noko, det var lang ifrå flatt utpå der. Etter to timars stamping, slag, sjøsprut og  motorbrøling, der eg enno såg rett inn i hamna, innsåg eg at dette kjem til å verta nokre dryge 200 nautiske.
Fiskebåtar til kai og ein sjømann i baugen

Eg fekk ganske så rett, det var 4 bleikansikt som klappa til kai i Mohammedia etter 50 timar. Men alt i alt gjekk det jo tåleg greitt. Mest dramatikk var nok knytt til dieselfyllinga i 3 meters bølgjer og då me med eit brak dagen etter innsåg at me nok kunne fylt på meir. Men etter heroisk fylling, lufting  og pumping, seig Elze vidare.

Fiskekroktrøye og fiskestuttbukse

Hiv og aids
1.mai nytta me i Casablanca. Det var fridag og ungar som vaksne ga oss ein leksjon i korleis ein fridag skal nyttast. Til gagns! Gatene var fulle av leikande ungar. Frå moskeen, ein av verdas styrste, hoppa hundrevis av ungdommar i sjøen, eller tok armhevingar på den fliselagde plassen. Folk sprada rundt i finstasen og me fekk gå i fred for turistjegrane. Ein indar som freista å selja okker eit skjell på moskeeplassen, vart teken hand om av politiet. Ein smule overreaksjon, men litt gudd au. Han var ei maserau.

Moske i Casablanca

Fiskarar i Mohammedia
Når det gjeld dei farga kyllingane, Pærå og Pjuskå, Ragnhild hadde kjøpt når me kom heim, vil eg berre seia at eg vart ikkje sint, berre veldig, veldig skuffa... Men det gjekk fort over, for meg og Bjarne hadde funne ein pub i Mohammedia og enno betre, klokka tolv opna nattklubben. Me fyrte okker opp med kva enn me kunne finna i båten og med ein silkebris gåande, sette me kurs mot nye eventyr på muslimsk nattklubb. Og me vart ikkje skuffa, berre veldig, veldig øvegidde. Fira dresskledde fjell av nokre menn med propp i øyra møtte okker i døra. Me stilte i krøllete sumarskjorter med salt- og diesellukt og var sikre på verta sendte rett ut på gata att, men me vart tekne imot som kongar. Ein følgde okker inn og fann eit bord til okker, gav okker meny, fruktfat og oliven. Rundt okker sat menn i 40- 50 åra med meir ruskete klede enn me og dansa med armane i veret. Rundt dei og oppå dei sat små, lettkledde jenter, nokre med tannregulering, og drakk sprit og brus. Musikken var euro- techno einaste. Menyen viste at desse mennene nok var godt sette, for ei flaksa whisky og brus kosta 2400,- kr. Bjarne ville gå med ein gong, men eg insisterte på å henga ut litt og sjå på galskapen. Me drakk to mojitoar kvar til 80-, kr. Bjarne sa mindre og mindre. Eg fekk litt kontakt med ein mann med skjelpadde på t- trøya si. Han var trøytande. Han tok blomen som stod på bordet okkar og dansa med han oppi veret. Men blomen vart audelagt og då datt skjelpaddemannen på kne framfor meg. Han orsaka seg og gav meg og landet mitt Noreg all mogleg respekt. Eg sa det gjekk greitt.

Trafikkbilete
Meg og Bjarne fór til Marrakech med toget dagen etter for å floge heim. Eg grudde. Bror til Ragnhild, Daniel, hadde skildra byen som « 17. mai kvar dag». Eg likar ikkje så godt folkefestar som 17. mai eller Nærbødagane og når det i tillegg vart fortalt om apekattar i band og klapparslangar som vart sleng etter deg, hjalp det ikkje bitten. Marrakech var nett som førespegla.
Ein oase frå maset

Rekna ut når eg kom heim at eg har vore med Elze på tur omlag 2600 nautiske mil no. Det er frå Obrestad hamn til New Foundland.

Tru, von og kjærleik

Tormod

1 kommentar: