mandag 10. juni 2013

Elze er på sjøen!

Endelig har me fått Elze på sjøen. For ein fryd. Etter ei lita hending der eg trudde heile båten sko søkkja, det kom vatn rennande inn bakifrå ein liten vasspytt under varmtvassbehalderen, gjekk det som smurt. Elze glid gjennom vatnet som eit blaut såpestykkje i handa. Propellen skaut båten opp i 6 knop på berre 2000 omdreiingar. Vibrasjonen så me kjente tidligare er er borte vekk. Alt det nye elektriske funkar. Autopiloten held oss på rett kurs beint mot Oljemusee. Klakka til kai med eit stort smil om munnen. Det verste er over. Resten av arbeidet vert berre kos samanlikna med alle bekymringar me har hatt. No kan reisa begynna.


Heldigvis hadde han kjørt truck før han der.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar