lørdag 14. juni 2014

Fine dager i fine Portugal

Det blei ein måned på oss i Portugal denne gangen og. Ein svært fin måned.  Den første veka låg vi for anker utanfor Portimao. Då Lars Martin reiste på jobb, la vi Elze inn i Portimao Marina.

Eg hadde eksamen 9. og 16. mai. Heldigvis er studenlivet ombord på Elze ganske behagelig!


Sy Vipa med Lars Martins kollega Terje og hans Åshild kom også til Portimao og la seg for anker rett ved oss. Vi fekk nokre koselige kvelder saman før dei fulgte vinden vidare. Her er Vipa på vei oppover Portugals kyst med Norge som mål. 


Portimao Marina


Eg reiste med tog opp til Lisboa for å ta eksamen ved den Norske ambassaden der. Fekk og tid til museumsbesøk då eg var der (bidet over).

 19. april kom denne kjekke jenta på besøk! 

Vi fekk nokre fine dager saman, men Mari hadde ikkje heilt flaks med været! Ho fekk dei dagane med dårligst ver med har hatt heile denne perioden i Portugal. Heldigvis fekk me nokre timer med sol. Bildet over er klokka ni på morgenen. Strandløvene er klar for sol!!


Då Mari reiste var det ikkje lenge før Lars Martin og enda fleire kjekke jenter kom på besøk! Lars Martins søster Ruby og hennes venninde Rebekka var med oss ei lita veke. Me fekk nokre fine dager med strandliv, grilling og litt surf:


Ruby og Rebekka viste fantastiske evner når det gjeld å lage grill!


Dessuten fann vi ut korleis ein tar panoramabilder:


Utekjøkken!
Vi fekk og feira bursdager då jentene var her! Rebekka fyllte 24 og Lars Martin 33! Her frå Rebekka sin dag. Ho insisterte på å få Hello Kitty hatt. Denne brukte ho resten av turen. Mykje mulig ho har den på den dag i dag!

Eg fyllte ikkje, men feira skikkelig likevell!
I anledning 33-års dagen pynta me båten etter beste evne. Flaks Ruby er så sporty og har topp lungekapasitet, for ho blas opp sikkert 100 ballonger.

Elze har nok aldri sett bedre ut!
                     

Det er nok ein Nærbøsk festtradisjon dette: Ruby spelar Happy birthday og andre fina sangar på vinflaska.
Hovedgrunnen til at både Ruby og Rebekka kom til algarvekysten var heilt klart et dei ville oppleve europas sørvestlige punk. Cabo Sao Vincente var også kjent som verdens ende inntil nylig:





Avslutning av dagen, slik dagar skal avsluttast: med solnedgang! Takk for besøket jenter.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar