mandag 4. november 2013

Hello Africa

Vi ligg no til kai i Mohammedina i Marokko. Veret var på vår side, og overfarten gjekk som smurt, til tross for at vi berre var to om bord. Seila var fulle og autopiloten fekk stå for styringa, noko som gjorde at turen vart svært behagelig og to bøker utlest. Takk til min kjære onkel og tante på Tjensvoll for påfyll til skipsbiblioteket! :)

Vinden gav seg då me nærma oss land:

Kom til land klokka seks i morges. Som eg alltid har sagt: Greit å få med seg soloppgangen før ein legg seg. 

Traff på S/Y Blomsterskatt i marinaen. Eit kjekt gjensyn! I morgon drar vi saman med dei til Atlasfjella for å få litt utsikt!

Ellers har eg gitt voksenopplæring i spinnakkerpakking i dag. Eg er ikkje vandkelig å be når det gjeld å dele på kunnskapen...


...serskilt ikkje når det inneber at eg får dirigere og dei andre arbeide. Her er Lars Martin og Daniel i full gang.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar