torsdag 30. mai 2013

Istandsetjing!

Ja no er det 2 veke sidan eg kom heim frå Nordsjøen. Me har våre i båten kvar einaste dag unnateke 17. mai. Klokka er halv tolv eg har nett kome meg heim frå båten. Mykje som skal på plass, men det ser ut til å løyse seg no. Me har hatt god hjelp av fleire, men Rune har våre med spesielt mykje. Hadde ikkje våre i nærleiken av å sjå ljoset utan hjelp frå han.

Me er i gong med å installere endel utstyr:
-Ny vindmåler
-Ny dybdegjevar
-Ny log
-Ny autopilot
-Ny kartplottar
-Nye intrument display

Det er noko utstyr som ikkje er kjøpt inn endå men må også innstallerast:
-Solcellepanel
-Vindgenerator


Jaja, det vert på an igjen imorgon tidleg. Mon tru om ein skal sjå på kartplottaren då. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar